Miljø · Klima · Utmark

Rådgjeving og prosjektleiing for berekraftig omstilling

Allmenninger – LR Mathisen hjelper kommunar, verksemder og lokalsamfunn med naturrestaurering, klimatilpassing og formidling – bygd på over 20 års erfaring frå offentleg forvaltning av natur og miljø.

Sjå tenestene Ta kontakt
Kontrollert brenning av kystlynghei ved kysten, med røyk som stig frå det skjøtta arealet
Kontrollert lyngbrenning som ledd i skjøtsel av utmark
Kva eg leverer

Tenester

Forslag til pakkar, tilpassa kommunar, verksemder og samarbeidsprosjekt – dette kan diskuterast nærare om det skulle vere ønske om det.

Skjøtselslag utfører kontrollert brenning som del av naturrestaurering og brannførebygging
01

Skjøtselsplanar for naturrestaurering og brannrisiko

Praktiske planar som reduserer brannfare i utmark og restaurerer trua naturtypar som kystlynghei.

  • Kartlegging av skjøtselsbehov mot brannfarekart
  • Prioritering av sårbare område
  • Samarbeidsavtalar med grunneigarar og kommune
02

Formidlingsoppdrag om praktisk klimatilpassing

Formidling, dialogverkstader og fasilitering som gjer klimatilpassing konkret og forankra lokalt.

  • Dialogverkstader og klimahackathon
  • Foredrag for fagmiljø, folkevalde og innbyggarar
  • Fasilitering av samskaping mellom forsking og forvaltning
Gummistøvlar og grev i jorda i ein grønsakhage, som del av praktisk undervisning i mat og berekraft
03

Undervisningsopplegg om mat og berekraft

Praktiske læringsopplegg som knyt matproduksjon, naturmangfald og berekraft saman for skular og lokalsamfunn.

  • Skulehage- og dyrkingsopplegg
  • Praktisk læring om lokal matproduksjon
  • Kopling mellom kosthald, naturmangfald og klima
Kven eg er

Om Allmenninger

Lene Røkke Mathisen i felt under skjøtselsarbeid, med kontrollert brann og skjøtselslag i bakgrunnen

Dagleg leiar

Lene Røkke Mathisen, MSc Water Resources and Coastal Management (UiB), BSc Environmental Science (University of Leeds).

Base

Vibrandsøy, Noreg. ENK, starta i 2025.

Bakgrunn

20 år som rådgjevar og koordinator i kommunal og statleg forvaltning av klima og miljø, mellom anna Haugesund kommune, Kystverket og Landbruksdirektoratet.

Eg heiter Lene Røkke Mathisen, og eg bur på Vibrandsøy, med havet, sauene og lyngheia som næraste naboar. Det pregar korleis eg jobbar: eg brenn for prosjekt som veks ut av lokale forhold, der folk kjenner staden og naturen godt, og der menneske og natur får spele på lag i staden for å stå mot kvarandre.

Eg er utdanna miljøvitar, med ein mastergrad i Water Resources and Coastal Management frå UiB og ein bachelor i Environmental Science frå University of Leeds. Dei siste 20 åra har eg vore rådgjevar og koordinator innan klima- og miljørelaterte problemstillingar, med prosjektleiing på fleire store og mindre oppdrag innan kartlegging, analyse og fysiske tiltak.

Eg har god erfaring med formidlingsoppdrag retta mot ulike målgrupper og arrangementsleiing. I 2025 starta eg Allmenninger for å jobbe meir målretta med prosjekt innan berekraftig omstilling – gjennom formidling, fasilitering av dialogverkstader/kurs og rådgjeving innan klimaomstilling på lokalt nivå.

Tidlegare har eg mellom anna jobba som miljøvernrådgjevar og landbruksansvarleg i Haugesund kommune, seniorrådgjevar for plan og forvaltning i Kystverket Vest, rådgjevar i Landbruksdirektoratet, og rådgjevar i Forsvarsbygg Futura.

Utvalde oppdrag

Prosjekt

Eit utval av prosjekt og oppdrag dei siste åra.

2025–2026

Suksessfaktorar og barrierar i forskingssamarbeid: Utvikling og utprøving av EUReKKa-oppskrifta

Studie på oppdrag frå KS om kva som driv vellykka samskaping mellom kommunal sektor og forskingsaktørar i utvikling av større tverrsektorielle forskingssøknader.

2024–2025

Lyngheiskjøtsel i Haugesund kommune

Prosjektkoordinator – samordning mellom kommunale etatar, Statsforvaltar og private grunneigarar/bønder rundt finansiering og gjennomføring av skjøtsel.

2024

Klimathon Haugesund

Kommunal representant og medarrangør. Ansvarleg for lokale, praktiske oppgåver, samt eigen dag om lyngheiskjøtsel og klimatilpassing ved Ryvarden fyr.

2021–2026

Sjøørretprosjektet

Prosjektansvarleg – kartlegging, restaurering og habitatforbetring i sjøaure-vassdrag i Haugesund.

Frå kvardagen

Galleri

Glimt frå utmark, kystlandskap og feltarbeid rundt Vibrandsøy og Haugesund.

Har du eit prosjekt i tankane?

Ta kontakt for ein uforpliktande prat om skjøtsel, klimatilpassing eller formidlingsoppdrag.

lene@allmenninger.no